Kråko Sjøhytteområde
Med dei vakre Fitjarøyane som næraste nabo, ligg Kråko Sjøhytteområde i Fitjar kommune på nordspissen av øya Stord.
Me har hytter, tomter, naust og båtplassar, og her er kafé og mikrobryggeri i hjartet av Kråko Sjøhytteområde.
Korleis me arbeider
01.
Me kjem herifrå og me bur her
Me er frå Fitjar, bur i Fitjar og vil fortsetta å bu i Fitjar, under og etter utviklinga av Kråko Sjøhytteområde.
Me er stolte av bygda vår og det me har fått til saman.
02.
Me brukar lokale handverkarar
Alle verksemdene me nyttar i utbygginga er i frå Fitjar eller distrikta omkring Fitjar.
Dette er viktig for oss, for då har me folk me stolar på i alle ledd.
03.
Me vil dela dette med deg
Me vil at du skal få oppleva kor herleg det er i Kråko.
Me fortel gjerne om dei beste fiskeplassane og dei finaste fjellturane me veit om.
Kvifor Kråko?
Sjøliv
Kråko Sjøhytteområde ligg tett inntil Fitjarskjergarden, som med sine 365 øyar lokkar deg ut på eventyr, og du finn alltid ein plass å sette krabbeteinene eller gå i land i ei vik for å bada.
Fitjarøyane er eit framifrå område til å driva med kajakk og fridykking.
Fjellturar
Fitjarfjellet lokkar med flott turterreng og fantastisk utsikt over Fitjarøyane ut mot havet, både for deg som vil sykla eller gå på vegane i Midtfjellet, eller om du vil gå på toppturar i terrenget.
Sjå alle turstiane i Fitjarfjellet på ut.no
Stjernehimmel
Me har ikkje gatelykter i Kråko. Me oppfordrar dessutan hytteeigarane til å vera sparsomme med utelysa og velja utelys som peikar nedover, slik at vi ikkje øydelegg den fantastiske rikdomen som det er å kunne sjå stjernehimmelen og mjølkevegen.
Kafé og mikrobryggeri
Midt i Kråko Sjøhytteområde finn du ein triveleg kafé kor du kan få kjøpt langsam mat med roleg stemning, og mikrobryggeriet ELØ - En Liten Øl, som har sitt bryggeri og ølutsal vegg i vegg med kaféen, og har fleire prisbelønte ølsortar i sortimentet sitt.
Vil du sjå bilder?
klikk her!
I Kråko Sjøhytteområde får du:
Den gode fritida skaper du i ei enkel familiehytte eller i ein større fritidseigedom, valet er ditt. Vi hjelper deg med hyttedraumen din! Klikk her for å sjå hytteprosjekt som er tilgjengeleg akkurat no.
I Kråko har vi mange ulike tomter å tilby, anten de vil ha utsikt mot aust eller vest, sjå alt de kan velja i, klikk her!
Anten de ønskjer ferdig naust eller nausttomt der de kan byggje sjølv, sjå her kva me har å by på!
Me kan tilby eit stort utval båtplassar, anten du har stor eller liten båt. Les om båtplassane som finst i Kråko her!







